En ce mercredi 17 mars, 5ème jour du "Printemps des Poètes", nous partageons l'un des poèmes de prédilection du Secrétaire Général adjoint du Council of Europe, Bjørn Berge.
EI FRIGJERANDE RÅK
Ei frigjerande råk
gjekk opp i det frosne hjarta.
Isen bråna for eit godt ord
og vatnet låg stilt og svart
med nye andedrag.
Over song det i trådane
frå vågsame spenn
mellom ulike sinn.
Ein lang boge
i det lette blå.
Alle slags kalde fiskar
vimsa fram og attende
og glodde.
Men det stille svarte vatnet venta
med utolmod,
og den første båten kom også utpå
som av seg sjølv
med målinga avflakna på sidene
etter vinters tid,
og vatnet og båten tala lågt
saman
om livsens sæle stunder.
Tarjei Vesaas (1897–1970), Lykka for ferdesmenn, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1949.